Forskjellige musikere og prosjekt eg har jobba i som gitarist.
El-gitar, akustisk gitar
backing-vokaler, stryke-instrument arrangement
www.gunslingers.no
El-gitar, akustisk gitar, backing-vokaler, komponert ein gitar-instrumental
www.ferdamann.no
El-gitar
www.ferdamann.no
El-gitar
El-gitar, akustisk gitar,
backing-vokaler, komponert ein gitar-instrumental
www.gunslingers.no
El-guitar, akustisk gitar, backing-vokaler, strykeinstrument-arrangement), trekkspel-arrangement, produsent.
www.nevermindmusic.net
Eg har komponert og produsert fleire musikk-stykker brukt i TV.
Denne filmen handlar om oppgangen i bestanden i norsk natur dei siste 50 åra. Det høyrest kanskje rart ut men det er det som er faktum. Her brukte eg ein kombinasjon av moderne trommer og klassisk besetning. Eindel harpe, fløyte, strykeinstrument, og perkusjon. Og akustisk gitar. I ein sekvens som viser ulike dyreartar og deira auke i bestanden lagde eg faktisk trance-inspirert musikk. Ein skulle kanskje ikkje tru at det kunne passa i ein ut i naturen-film men det vart godt motteke.
External Link
Denne filmen handlar om to karar og ein båt som gjer ein viktig jobb for eit øysamfunn på vestlandet som ikkje har veiforbindelse. I denne musikken vart det difor mykje sjømannsmusikk og eg måtte setja meg inn den sjangeren. Eg brukte mykje trekkspel og gitar i denne filmen.
External Link
Denne filmen handla om den store hjortebestanden på Mongstad-raffineriet til Statoil på vestlandet. Her brukte eg mykje moderne trommer og perkusjon (bl.a. ambolt-slag) og eindel lydeffektar for å få ein "industriell" klang.
External Link
Dette er ein vakker film om bebuarane og personalet på ein sjukeheim. Det handlar også om eit dikt med 4 vers som vert lest opp gjennom filmen. Eg lagde musikk til diktet og det var vanskeleg. Her laga eg pianomelodiar med strykeinstrument som akkompagnement.
Denne filmen er basert på diktet "Du må ikke sove" til Arnulf Øverland. Til denne filmen lagde eg musikken for rulleteksten med piano, harpe og strykeinstrument. Music made for, and played during credits.
Denne filmen handlar om innføring av norsk havørn til Irland. Her brukte eg strykeinstrument, treblåseinstrument, messinginstrument, perkusjon og trommer. I enkelte stader i filmen prøvde eg å laga ein majestetisk klang til vår største rovfugl.
External Link
Dette var den andre filmen eg laga musikk til. Den handlar om to brødre frå Masfjorden som driv gard idag på same måte som det har vore gjort i fleire hundre år, utan moderne hjelpemiddel. Eg lagde for det meste rolege akustiske gitarmelodiar til denne filmen.
External Link
Dette var den første filmen eg lagde musikk til. Her lagde eg ulike gitarmelodiar og spelte dei inn på akustisk gitar og brukte også litt synthlydar til ein skummel del.
External Link
Denne filmen handlar om 4 kvinner i Moldova, som er Europas fattigaste land. Til denne filmen måtte eg læra meg både tradisjonell og moderne austleg musikk og setja meg inn i den stilen. Med god hjelp av ein Rumensk tv-kanal kom eg på sporet. Eg laga 1 melodi til kvar person i filmen og lagde variasjonar av dei etterkvart som filmen gjekk. Den eine lagde eg også til hovedtema for filmen, som den opnar og sluttar med. Her brukte eg bl.a. fiolin, vibrafon, kastanjettar, trommer, duduk (ei austleg fløyte), trekkspel, dulcimer, strykeinstrument og harpe.
Recieved award for
best norwegian documentary
Diverse andre komposisjons-prosjekter.
Galactic Space Defender of the Universe.
Dette spelet var eit student-prosjekt i retro-stil eg laga musikk for, med bruk av gamle MIDI-lydar. Spelet vann "best spill"-prisen i prosjekt-konkurransen, og dei var godt nøgde med både musikken og resultatet.