HER ER MANGE AV MINE TEKSTAR - EIN DEL STÅR PÅ KORREKT NYNORSK (EG ER IKKJE HEILT UTAN ORTOGRAFISK KUNNSKAP, MEN EIN DEL HAR EG SKRIVE SLIK SOM EG SYNG DET PÅ DIALEKT (OG DET BURDE VORE LOV, SYNEST EG).
DAG FOR DAG
Dag for dag so e du alltid med meg
og du trøystar meg om tungt da går
og om vonde ord eg har med te deg
like trufast attmed meg du står
når eg kava og med livet streva
e du dar og seie alt blir bra
dag for dag so vil du eg skal leva
med den gleda so da ein gong va
Dag for dag, om livet vinn meg øve
alltid e du med meg i mitt sinn
og eg kan klara om eg berre prøve
å la dine ord få koma inn
ingen andre treng eg å ha med meg
på den vegen me e nødt å gå
nokon dagar vil eg ikkje vera
andre vil eg ikkje reisa frå
(SOLO)
Dag for dag, eit øyeblikk i æva
fekk eg vandra her på moder jord
ofte klarte ikkje eg å leva
opp te dine milde gode ord
når eg gjekk meg tom og vill på ferda
var da alltid best te deg å gå
ja for evig vil du alltid vera
den eg alltid kunne lita på
ja for evig vil du alltid vera
den eg alltid kunne lita på
NO LEGG EG INN MINE ÅRER
No legg eg inn mine årer
i fred skal eg kvila i natt
men ber ikkje tungt mi båre
for berre ein varme er att
du treng ikkje gå meir å tvile
min lagnad eg kan ikkje snu
so no vil eg liggje å kvile
i hjarta hjå deg vil eg bu
Mot slutten de kjende ikkje åt meg
trass alt so de kava og ba
om lite eg verka å skjøna
so tenk på meg slek so eg va
du veit at no måtte eg fara
men eg skal sjå etter di hand
og du skal sjå at du klarar
å leva, ja lev mens du kan
(SOLO)
Eg har ikkje meir å fortelja
Eg stevna ikkje meira no ut
ein stubb lyt du vandra åleina
du treng ikkje gå med ei sut
for fred har eg endeleg funne
og den vil du og koma te
nei ber ikkje tungt mi båre
for no skal eg kvila i fred
nei ber ikkje tungt mi båre
for no skal eg kvila i fred
TUREN
Du begynnar på bar bakke
nedi dalen har me alle stått ein gong
sakte går da oppøve og du
går og nynnar på ein song
kanskje får du medvind
eller motvind og mange bører på din veg
kanskje ser du deg tilbake og litt fram
vil du greia detta her?
Du prøvde mange gongar
aldri gjekk da so du ville og du står
att igjen åleine attmed stien
dar so mange andre går
men so høyre du ei stemme seia “hei!”
“Vil du gå ilag med meg?”
“Eg har gått so mange veiar med meg sjølv,
“kan me går her du og eg?”
Og du då gav du meg ei tru
nei no vil eg ikkje snu
finna toppen eg og du
kryssa juv og vindebru
eg har gått so mykje feil og eg har lært
her e for seint å snu
ifrå fjord te høge fjell
ganske tungt men likevel
eg vil fara opp med deg
trå med mine eigne steg
og når eg aldri fram so går da bra
for turen vil eg ha
ja turen vil me ha
Ofte kjenne eg meg sletn
når i lange tunge bakkar opp eg trår
og ingen kan fortelja meg korhen
den beste løypo går
når eg kjenne at eg streva, set meg ned
eg vil drøyma litt om deg
og tenke litt på livet mitt so va
så brått og endeleg
og eg må vandra ned og aldri koma att
opp te nuten dar han står
men eg gløymer ei den tida då me gjekk
her ilag på turen vår
Ja her gav du meg ei tru
nei her kan eg ikkje snu
finna toppen eg og du
kryssa juv og vindebru
ja eg gjekk so mykje feil at eg har lært
her e for seint å snu
ifrå fjord te høge fjell
vått og kaldt men likevel
eg fekk fara opp med deg
trådde myr med eigne steg
eg nådde aldri fram, men da går bra
for turen vil me ha
nei eg nådde aldri fram, men da går bra
for turen vil eg ha
EG OG DU
Eg veit at da eg kjenne vil bestå
Du fekk tent et lys, no vil eg sjå
Kva so kjem te møtes dar me går
Om da tek ein måne elle år
Følelsar dei finn ein vei å gå
Litt kan berre du forstå meg på
Om me no må venta ei long tid
Da me har vil aldri gå forbi
Eg tru kje eg kjem ifrå
For ingenting kan overgå
Me vil for alltid ha da gode so me har
Ja da gjekk an å snu
Men ingen e so eg og du
Om da blir mange tunge dagar
Ska kje eg syta eller klaga
For da e med deg eg vil vandra på vår vei
Ting e lett når alt e kjekt og flott
Men ofte kan og livet vera grått
Då e da me ser kor godt da e
Å ha noken andre so e me
om eg ikkje høyre noke frå deg
Kan eg ha ei ro for eg kan sjå
At ingenting kan riva da me bygde
Da me har treng ikkje passast på
Men jammen e da mykje me ska bera
Leva med dei valga so me tok
Men me går i saman no på ferda
Framtid skal me skriva i same bok
Eg tru kje eg kjem ifrå
For ingenting kan overgå
Da so eg kjenne når eg ser du har da bra
Ja da gjekk an å snu
Men ingen e so eg og du
Om da blir mange tunge daga
Ska kje eg bryta elle jaga
For da e med deg eg vil vera te eg dør
Om da blir mange tunge daga
Ska kje eg syta elle klaga
For da e med deg eg vil vandra på vår vei
KVA YNSKJER DU DEG TIL JUL I ÅR
Kva ynskjer du deg te jul i år?
Har du alt du treng og bur i gode kår
kan du gje litt tå da du får
kva ynskjer du deg te jul i år
kva ynskjer du deg te jul i år
I eit lite land, i ein einsam stall
i eit stort palass, i ein ventehall
i eit lite skur, rundt eit lite bord
i ein liten bås med eit golv tå jord
livet ditt, kva for lodd trakk du?
inga omatt-trekning, me kan´kje snu
mange har ingen stad å bu
dei ønska seg litt mat under ei bru
Kva ynskjer du deg te jul i år?
Har du alt du treng og bur i gode kår?
kan du gje litt tå da du får?
kva ynskjer du deg te jul i år
kva ynskjer du deg te jul i år
Ho går på nåler og gruar seg
foreldra dei skal feira, so hyggjeleg
då e ho ikkje lenger trygg på far
ho ynskjer at da ikkje fanst, da dar
han har´kje hatt da so lett, han ber
presangar har han aldri sett, men han ser
at mor ho går i veien når far han sler
han ønska da skal slutta og han fer
ho ber for livet sitt no, ho står
mitt imydlo bark og ved i år
ho e enno ung men da tæra på
ho ønska at dei vonde ting må gå
kva ønska eg meg te jul i år?
har eg alt eg treng, eg bur i gode kår
kan eg gje litt tå da eg får
kva ønska eg meg te jul i år
har du noke so du kan gje?
elle e du gnit´n og tung å be
ho har ikkje råd te straum og kle
kan du sjå for deg korleis da e?
Har du meir enn nok med deg
vil du ikkje ofra ein slant på din veg
te dine eigne då har du råd
andre vil du ikkje tenkja på
du laga reglane kun for deg
andre let du kava uendeleg
du snik deg unna alt du kan koma frå
du ønske deg meir penga da vil du få
Ho har eit håp og dei legg i vei
å tru på julenissen vil månge sei
me hadde gjort da same om me va dei
so tungt å seia ja, so lett å seia nei
Kva ønska du deg te jul i år?
Har du alt du treng, og bur i gode kår?
Kan du gje litt tå da du får?
Kan du seia ja, du haustar da du sår
Kva ønska du deg te jul i år?
Har du alt du treng, og bur i gode kår?
Kan du gje litt tå da du får?
Kva ønska du deg te jul i år?
Kva ønska du deg te jul i år…?
